Fleire gode nyheiter i kveld:
Ikkje berre er lysløypa trakka, vi kan endelig åpne familietrekket igjen!
Familietrekket og minitrekket blir åpna i morgon kveld, fredag 7. februar og det vil bli vanlige åpningstider på laurdag og søndag.
NB! Skibussen vil også gå på laurdagen - reserver din plass her!
Fjellseterstova vil halde åpnet laurdag og søndag, ikkje med full meny, men du skal i alle fall sleppe og gå verken svolten eller tørst heimatt.
Vi har nøye fordelt ut snøen som vi har produsert samt skrapa saman det lille som vi har funne utanfor løypene, vi vil ikkje påstå at det er perfekte forhold, men det skal i alle fall vere mulig å ha det kjekt på ski igjen for den so vil.
Vermeldingane greier ikkje heilt å bestemme seg for kor kaldt det skal bli i helga og neste veke, men det ser ut som at vi kan få minusgrader i alle fall natta slik vi kan få produsere snø i T-trekket. Vi skal halde dokke oppdatert!